Bli deltakar

I jobb er Kirkens Bymisjon Voss sitt arbeidsretta lågterskeltilbod for menneske med utfordringar knytt til rus.

  • Me krev ikkje at du er rusfri for å arbeide hjå oss, men akseptere ikkje bruk av rus i arbeidstida.
  • Dersom me vurderer deg til å ikkje være i form til arbeide, får du ikkje delta den dagen og må vente til neste jobbdag.
  • Dersom det er stor pågang av deltakarar og me ikkje har arbeid til alle, vil de kunne hende at du må vente til neste jobbdag for å delta.
  • For deltaking i jobbaktivitetar må ein møte til fastsatt tidspunkt. Oppmøte tid er seinast 0900. Det vert servert frokost frå kl 0900 – 0930.

Ta gjerne kontakt!